Om oss

Morten (60år): Aktiv med fuglehund (Gordon Setter) frå 1990. Alle er blitt premiert på jaktprøve. Er i tillegg godkjent med ettersøkshund; Norsk svart elghund. Er utdanna dommar for fuglehundprøver, og autorisert ”Instruktør Jakthunddressur” i NJFF. Har 50% stilling i løna arbeid i tillegg til litt gardsarbeid (inklusiv vårt hundepensjonat).


Anne Marie (i sin beste alder): Spesialsjukepleiar innan psykiatri. Arbeidsplassen er Jondal kommune. Ho er den store turgåaren, og ser fram til mange mil med kjekke hundar på tur.


Eivind (23år): Student, som har sommarjobb på pensjonatet. Han tar reinhald, mating, lufting og ikkje minst så er han hundane sin beste venn.


“Jarek” er vår spreke arbeider frå Polen. Veldig glad i dyr og tar gjerne ein god løpetur med hundane.