Hardanger Hundepensjonat

Velkommen til Hardanger Hundepensjonat!

Me er eit offentleg godkjent hundepensjonat (starta i 2011) som held til i Herand, ei lita bygd i Ullensvang kommune i Hardanger. Me er ein aktiv familie, der alle er vane med hund. Morten er dagleg leder og har dreve aktivt med fuglehund i litt over 30år. Me driv eit lite gardsbruk og har bygd om driftsbygningen for å ta i mot 15 hundar.

”Romma” er lyse og fine for hundane og lettstelte for oss. Luftegard er på plass rett utom veggen. Gode rutinar er på plass. Her skal hunden i sentrum, blir den fornøgd så blir hundeeigaren det også, og då vert me også nøgde.

Prøv oss, vert ikkje hunden og du fornøgd, så sei det til oss. Er Hunden og du fornøgd, så sei det til alle dine hundevenner.

Ope alle dagar i tida 15.april – 7.august. Resten av året tek me imot hunder dersom det passer. Ta kontakt på e-post eller telefon.

Oppdatering 31/03/2023: På grunn av operasjon og påfølgende rekonvalesens tar me ikkje inn nye bestillinger fra og med 10/06/2023