Morten (58år):  Aktiv med fuglehund (Gordon Setter) frå 1990.  Alle er blitt premiert på jaktprøve.  Er i tillegg godkjent med ettersøkshund (strihåra dachs, og Norsk svart elghund).  Er utdanna dommar for fuglehundprøver, og autorisert ”Instruktør Jakthunddressur” i NJFF.  Har 50% stilling i løna arbeid i tillegg til litt gardsarbeid inklusiv vårt hundepensjonat.

Anne Marie (i sin beste alder):  Spesialsjukepleiar innan psykiatri.  Arbeidsplassen er Jondal kommune.  Ho er den store turgåaren, og ser fram til mange mil med kjekke hundar på tur.

Eivind (21år):  Student, som har sommarjobb på pensjonatet.  Han tar reinhald, mating, lufting og ikkje minst så er han hundane sin beste venn.

“Jarek” er vår spreke arbeider frå Polen.  Veldig glad i dyr og han spring tur med hundane.