Velkommen til Hardanger Hundepensjonat!

Example frontpage image

Me er eit offentleg godkjent hundepensjonat (starta i 2011) som held til i Herand, ei lita bygd i Jondal kommune i Hardanger.  Me er ein aktiv familie på 5... der alle er vant med hund.  Morten er far i huset og har drevet aktivt med fuglehund i litt over 20år.  Driver eit lite gardsbruk og har bygd om driftsbygningen for å ta i mot 20-25 hundar.

”Romma” er lyse og fine for hundane og lettstelte for oss.  Luftegård er på plass rett utom veggen.  Fleire luftegårdar kjem på plass etter kvart.  Vi har mange mål til disposisjon.

Gode rutinar er på plass.  Her skal hunden i sentrum, blir den fornøgd så blir hundeeigaren det også, og då vert me også nøgde. 

 

Prøv oss, vert ikkje hunden og du fornøgd, så sei det til oss. Er Hunden og du fornøgd, så sei det til alle dine hundevenner.